FjordaLAN 2017

EVENT INFORMATION
Default file 1484738856

Hugseliste

Dette bør du ha med

  • Datamaskin/Konsoll
  • Straumforgreinar minimum 3 meter. (den må være i god stand)
  • Straumledningar til PC, skjerm, og anna elektrisk
  • Mus, tastatur, musematte, headset.
  • NETTVERKSKABEL (helst ein med litt lengde på!(10M))
  • Sovepose
  • Toalettsaker ( tannbørste,tannkrem, Deodorant)
  • Kleskifte
  • Pengar til mat, kiosk, osv
  • Godt humør
  • Mobiltelefon (Det er dårlig dekning i Fjordahallen. Viktig å seie ifrå heime)


Detta  treng du ikkje ta med

  • Eigen stol. (Kun Stolane i Fjordahallen skal brukast)
  • Høgtalarar
  • Kaffetraktar
  • Mikrobølgeomn (eller andre kvitevarer)
  • Rusmidler ( skulle vere unødvendig og seie )
dataparty

Restrictions

Reglar

Når du løyser billett på Fjordalan må du følge desse reglane.

Ingen utesko inne i Fjordahallen. (Ta med varme sokkar)

Ikkje høgtalarar. Bruk headset. (me har anlegg i Fjordahallen)

Ei maskin, ein skjerm pr. person.

Ikkje tukle med nettverksutstyret. Du skal plugge til din kabel når du kjem, og la den stå i til du forlet LANet. Ved nettverksproblem, kontakt Teknisk Crew.

Alle datainnbrot/Denial of Service vil verte slått hardt ned på . Med andre ord: Me tolerer ikkje gjentekne portscanningar av utstyr.

Alle datamaskiner på Fjordalan skal ha installert alle kritiske oppdateringar som er tilgjengeleg for sitt operativsystem. Dersom du ikkje har moglegheit til detta der datamaskina står til vanleg, skal du ta kontakt med Teknisk Crew ved ankomst!

Alle datamaskiner som køyrer variantar av Windows, med unntak av mobil, smartphone og andre handhelde einingar, skal ha installert antivirus og oppdateringar for dette. Dersom du ikkje får tak i antivirus der datamaskina står til vanleg, skal du ta kontakt med Teknisk Crew ved ankomst!

Ikkje fyll opp midtgangen eller sidegangar. Desse har funksjon som rømningsvegar ved brann, så tenk på at det skal vere råd å gå i dei.

Kast søppelet ditt i næraste søppelbøtte. Rydd etter deg sjølv!

Kvitevarer tek for mykje straum, og er forbode. Gå til kiosken.

Fjordalan er eit rusfritt arrangement. All bruk av rusmiddel er dermed forbode, også alkohol. Ved misstanke vil vi kreve alkotest. Utslag på denne vil medføre utestengelse frå Fjordalan!

Folk som lagar bråk/problem utover desse reglane, vil også kunne verte kasta ut.

Ting som blir gløymt att i hallen vil bli kasta 3 dagar etter Fjordalan er ferdig

Rett deg etter det crew/vakter seier.